søndag 26. mai 2013

Tur til Skjelanger



Ein ettermiddagstur til Skjelanger, lengst nordvest på Holsnøy. Vestavinden tok godt i dag, heldigvis var det eit naust som stod lagleg til og verna litt mot den kaldaste trekken. 
Mellom øyane fekk eg ein liten glytt av Hurtigruta også, på veg nordover. 
Og rett oppi bakkane fann eg den finaste vårblomsten, kusymra. 
















Phalaenopsis i blomst

Her nokre av Phalaenopsisane som blømer i glaskarmen og på blomsterrommet mitt akkurat no. Nokre av dei har gleda meg med blomster i månadsvis. 

Felles for alle Phalaenopsisane eg har, er at dei ikkje har noko hybridnamn og er kjøpt på blomsterutsalg som Plantasjen, Mester Grønn og IKEA. Du lurer kanskje på kvifor eg er oppteken av hybridnamn. Grunnen er at når ei plante har eit hybridnamn, så kan du finne ut kva arter som er kryssa med kvarandre. For ein orkideidiot som meg er slikt ganske intressant, merkeleg nok...

Phalaenopsis er ei sørøst Asiatisk orkideslekt med ca 60 artar dei fleste epifyttiske, dvs at dei veks i trer. 
Artane er ikkje i salg i vanlege blomsterforretningar, det er masseproduserte hybridar me får kjøpt. 

Phalaenopsis er den aller enklaste orkideen å stelle, enklare enn dei fleste vanlege potteplanter! Berre hugs på at når den er avblomstra, så kjem den raskare igjen med blomster om du set den lyst (ikkje midt i solsteiken!) og litt kjølegare enn vanleg, til dømes i soveromsglaset. 
Lukke til!












mandag 20. mai 2013

Nasjonalromantisk!

Tenkjer på kor fantastisk det er at nasjonaldagen vår er i mai, akkurat når våren er på sitt vakraste. Hadde ikkje vore det same med nasjonaldag i november!

Og så flagget då! Jammen flaks at ikkje danskane og svenskane fann ut at dei kunne ha tre fargar i flagget, og like godt snappa det flotte raude, kvite og blå flagget rett framfor nasa på oss. Dei kan no berre ha Danebrog og Tre kronor så mykje dei vil for meg, så lenge me får ha det flotte flagget vårt.
Det er igrunn ganske interessant at flagget som til slutt vart godkjent av Odelstinget var foreslått bergensaren Fredrik Meltzer. Nokre meinar til og med at det var sonen hans som farga ein blå kross i Danebrog. Uansett, eg er sikker på at han såg det for seg kor fint flagget ville bli mot fjorden, himmelen, dei snøkledde fjella og den nyutsprungne bjørka!
Ja, det er nok ingen tvil, eg er skikkeleg nasjonalromantisk!



Vakre Sogn! Berre flagget som manglar. 

Nyutsprotten bjørk og fossebrus! 

Nyt våren og resten av mai, folkens!

lørdag 4. mai 2013

Stell av orkideer, vatning




Phragmipedium besseae frå Ecuador og Peru

Vatning, gjødsling og luftfuktigheit

Mange har spurt meg om stell av orkidear. Her er nokre generelle råd og tips når det gjeld vatning.

Vatning

Det er ein myte at orkideer skal berre ha 1 eggeglas med vatn i veka! Dei fleste orkideer likar høg luftfuktigheit og må gjennomvatnast. Du kan gjerne fylle opp vatn i blomsterpotta og la orkideen stå og trekkje til seg vatn ei lita stund. Men du må aldri la planta bli ståande i vatn, då rotnar luftrøtene! Eg brukar ofte å ta plantene til vasken og la vatnet renne godt gjennom slik at eg ser at all komposten blir våt. Hugs at vatnet må vere temperert.

Sjekk luftrøtene og komposten før du vatnar. Komposten skal ikkje vere våt. Det er lurt å ha gjennomsiktige plastpotter. Då kan du lettare sjekke røtene og komposten. Dersom luftrøtene er grøne, kan du vente med å vatne, då er dei framleis fuktige. Kor ofte du skal vatne er avhengig av kor varmt det er i rommet. Om sommaren 1 til 2 gangar i veka, om vinteren annankvar veke til 1 gong i veka.

Orkideene likar å bli dusja, men dersom du gjer det, bør du ha ei vifte som gjer at planta ikkje blir ståande med vatn på blada og i bladfestet. Då blir det fort råte, og i verste fall misser du planta. Orkideene bør vatnast om formiddagen slik at plantene turkar opp før kvelden og natta.
Om sommaren set eg ofte plantene ut, dusjar dei og let dei turke i brisen. Berre ikkje set dei i sola, då er det veldig fort gjort at du får svimerke på blada!

Orkiderøtene får lys og det er lettare å sjå om orkideen
treng å bli vatna.

Gjødsel

Orkideer skal ha lite gjødsel. Bruk ikkje vanleg blomstergjødning, den er altfor sterk sor orkideene. Dersom du gjødslar orkideene for mykje, får du berre bladverk og ikkje blomster. Kjøp orkidegjødning og følg oppskrifta. Om vinteren bør du ikkje gjødsle.



Luftfuktigheit

Dei fleste orkideer likar høg luftfuktigheit, gjerne over 50%. Dette er vanskeleg å få til i våre moderne hus, og kanskje ikkje tilrådeleg heller. Men det går an å lage eit mikroklima rundt plantene.
 

Hygrometer er lurt. Veldig greit med denne som viser temperaturen i tillegg.
28% luftfuktigheit er altfor lågt....

Nokre tips korleis ein kan auke luftfuktigheiten.

*Du kan skaffe deg for eksempel skaffe deg ein luftfuktar. Veldig bra for orkideene, men mi erfaring er at det er ein del styr og søl, og ikkje noko kjekt når fuktaren går tom for vatn.

*Dusjing av orkideene. Dette er kanskje det beste, men krev at du har ei vifte som kan tørke opp overflatevatn på plantene etterpå.

*Kjøp blomsterpotter som er berekna for orkideer. Dei har ein kant som hindrar blomsterpotta å stå heilt nede i botnen. Då kan du ha litt vatn i blomsterpotta utan at sjølve planta og røtene kjem borti vatnet. Trur eg har kjøpt mine på Plantasjen, og dei har også på IKEA.

*Legg litt fuktig torvmose eller ein fuktig svamp i ytterpotta og la planten stå oppå det.


Lurt med vifte dersom du dusjar orkideene.
 
Orkidepotte frå Plantasjen.
 
Denne er frå Ikea og har laus rist i botnen.
 
 
Fuktig torvmose kan leggast i botnen på ytterpotta.