onsdag 5. juni 2013

På gater og streder i Istanbul

TV bileta frå Istanbul dei siste dagane har gjort meg både trist og opprørd. Det er berre nokre veker sidan eg var saman med kollegaene mine i denne vakre og fargerike byen. Faktisk budde me like ved Taksimplassen der uroa starta i slutten av mai. Bakgrunnen for uroa, var at ein park like ved Taksimplassen skulle gi plass til eit nytt kjøpesenter. Denne parken køyrde me forbi, og såg at dei var begynt å grave der. Men dette var nok berre dråpen som fekk det til å renne over. Dei styrande i Tyrkia er nok ikkje i takt med ein stor del av folket.

Me hadde nokre fine dagar i denne spennande byen. Eg ante ikkje at Istanbul er den største byen i Europa, og ein av dei største i verda! Byen har 17 millionar innbyggjarar, og over 11 millionar av dei bur innanfor bygrensene! Berre så det er sagt; å bruke leigebil i Istanbul er ikkje det luraste du kan finne på.  Rushtrafikk her heime er berre bagatellar mot trafikkforhalda der!
 


Utsikt over Bosporosstredet like før me kryssar brua frå Asia til Europa. Me budde i den vestlege delen. Midt i biletet er eit gigantisk tyrkisk flagg, slike kjempeflagg såg ut til å vere populært. 


 
På veg opp Bosporos.


Fredelege aktivitetar på Taksimplassen.


 


Men politiet var ikkje langt unna med pansra køyretøy, gassmasker og vannkanoner...



Det sat fleire skopussarar på fortauet, dei pussa gjerne joggesko også. Andre tente pengar på å sortere boss og drog rundt på nokre svære korger. 
 



Å kjøpe is på gata i Istanbul var reine showet. Isen har ein merkeleg seig konsistens, og selgjaren slengjer den rundt og gjer mange rare triks før isen endeleg hamnar i kremmarhuset.
Isen skal visstnok innehalde oppmalen rot frå ein viltveksande orkide. Eg fekk ikkje oppklara det, ismannen var visst ingen ekspert på korkje orkidear eller engelsk....
 
                                      
 

 Neste avsnitt i bloggen har eg tenkt å kalle for Miklagard. Så kan du no spekulere på kvifor inn til vidare.