tirsdag 9. juli 2013

På orkidesnoping i Tyskland

Når du er over middels smitta av orkidefeber, så er det berre ein ting å sei: Noreg er for lite. Kanskje du stussar når eg seier at det er altfor snevert utvalg av orkideer her på berget. Sjølvsagt kan du kjøpe drøssevis med Phalanopsis som er kjempeflotte. Til og med på matbutikkar og bensinstasjonar. Det er masseproduserte hybridar. Men det finst så mykje meir! Visste du at orkideslekta er den mest talrike av alle planteslekter?

I land som Storbritannia og Tyskland har orkideinteressa vore stor i mange år. For over 100 år sidan var det svært in i sosietetskretsar i England å dyrke og samle på orkideer. Dei visste ikkje heilt kva dei heldt på med, så drøssevis av planter strauk med. Oppdagarar vart leigde for å reise ut i den store verda og gå på orkidejakt og forhåpenlegvis finne nye, flotte artar som dei kunne sende heim. Store ladningar vart sende på skip attende til England. Enkelte orkideer heldt nesten på å bli utrydda på grunn av dette.

Men i dag er det strenge reglar for import og eksport av planter og dyr for å forhindre at utryddingstrua artar skal forsvinne. Utanom dette har kvart land sine importrestriksjonar for å forsikre at du ikkje tek med deg noko som spreier plantesjukdom og skadedyr. Derfor er det ikkje lov å importere uteplanter for privatpersonar. Men det er heldigvis lov å ta med seg inneplanter, men berre 5 pr person.... Eg torer nesten ikkje sei det, men hadde Noreg vore medlem i EU, så hadde det vore så mykje enklare.

Av og til reiser eg også på orkidejakt, men i litt mindre målestokk. Både Danmark og særleg Tyskland har meir å velge i når det gjeld orkideer. I år gjekk turen både til Tyskland og Danmark. Og mens bilen var på service i Hamburg, gjekk ferda med leigebil vidare til Karge Orchideen i Dahlenburg. 


Og endeleg ved målet!

Drøssevis med Vandaer montert i eit tre....

Masdevallia 

Åhhh, denne Vandaen er såå fin, men eg har ikkje plass, og ikkje klarar eg å gi den riktige vekstvilkår heller....

Denne Coelogynen hadde eg veldig lyst på, men den var dessverre ikkje til salgs.

Dette er Laelia purpurata, den har stått på ønskelista i mange år. Første gang eg såg ein slik var på Madeira, og sidan har eg ikkje kunne gløymde den. Ein variant av denne blei med meg....

Ein slik Dendrobium blei også med nordover.... Den har drøssevis med blomster!

Og så angra eg veldig på at eg gjekk frå denne søte her....

Ikkje lett å rive seg laus herfrå! Men med ein kasse full med orkideer så gjekk no det også. 
Berre så det er sagt, me blei lagt merke til på hotella når me sjekka inn med ein haug orkideer på toppen av den andre bagasjen! 

På slutten av utanlandsopphaldet, gjekk turen til Christiansen sitt orkidegartneri i Fredensborg utanfor København. Trur du ikkje eg måtte ha med nokre planter til...

Angrecum magdalena. Denne har eg også hatt lyst på i mange år, så valget var enkelt!

Paphiopedilum sanderianum. Fantastisk spennande plante frå Borneo. Den har lange trådar (petalar) slik at maur kan klatre opp og pollinere blomsten! Eric Hansen har skrive ei bok om denne: "Orchid fever". Dette er ein veldig eksklusiv orkide som eg let stå igjen i Danmark...


Ein flott Dendrobium....

Kunne nok ha rusla rundt i mange timar her også, men det var tryggast å reise heim før eg blakka meg totalt. Ville også vore litt dumt å bli stoppa på grensa med for mange planter... No håpar eg berre eg kan få dei nye plantene til å trivast heime hos meg. 

Og så får de berre unnskylde at eg ikkje har gitt meg tid til å finne fullt namn på alle orkideene eg har tatt bilete av. Kanskje eg får til å laste opp ein video når eg kjem heim og finn ut kvaslags app eg må ha til det. Forslag mottas med takk :-)