fredag 19. april 2013

Nærkontakt

I dag ser eg litt utanfor orkiderommet mitt, og det er ikkje så mykje som eg er meir oppteken av av i kvardagen enn jobben min. Arbeidet i skulen kan vere slitsomt til tider, men gjev også mange gode stunder og opplevingar. Nærkontakt mellom dyr og ungar er alltid spennande, særleg når ungane til vanleg har nærkontakt med fortau, bilar, eksos og bylarm. Då er det utruleg fascinerande å kunne ta ein kort køyretur med bussen og så vere "på landet" mellom kyr, sauer, kaniner og høner.
Denne veka har eg hatt privilegiet av å få dele slike verdifulle situasjonar med ungar frå tjukkaste by'n. Ikkje alle hadde erfaring med husdyr frå før, og lukta i fjøset var det første hinderet som måtte overvinnast. Men plutseleg var lukta gløymt, for borti bingen hoppa og dansa det nokre søte, små lam. Ein augneblink var eg litt i tvil om kven som hoppa og spratt mest, lamma eller ungane.
Tenk å få lov til å mate dyra! Ekstra stas var det å få gi mjølk til kopplamma som var så utruleg søte. Men det var fleire dyr å sjå på og kose med! Marsvin, hamster og små søte kaniner. Gleda over å få halde desse små søte skapningane var stor, kjenne den mjuke pelsen mot kinnet, stryke den forsiktig over ryggen. "Han driter på meg", var det ein som sa. "Og denne pisser", lo naboen. Jammen var det bra å ha regnbukse på! Ein annan av elevane skulle fortelje om dagens opplevingar: "Vi fikk til og med se en sau som ble barbert!" Og då me vel var komne attende til skulen, full av fjøslukt, kom ein av gutane i full fart viftande med ein ulldott i handa. "Se ka eg har, kjenn på den"! Det er vel dette ein kallar "Learning by doing".
Eg er ikkje i tvil om at nettopp slike opplevingar er kanskje noko med det mest verdifulle me kan gi elevane, og heilt sikkert det dei vil hugse best frå tida i skulen.


Hønsene var ikkje like begeistra for å bli forstyrra midt i egglegginga.


Den mest populære reirplassen var i glaskarmen. Det gjeld å fylgje med om det skulle komme ein ny hane til gards.




 Litt uventa med struts som husdyr i Bergen. Elevane var litt nervøse for å mate desse svære fuglane. Strutseegga var svære. Dei må ligge 42 dagar i rugemaskina før dei klekker.


Framleis for kaldt å vere ute for kosegrisane Erna og Kurt.


Nusselege små lam som tek seg ein liten pause. 











søndag 14. april 2013

Vår i vinterhagen

I vinterhagen min har eg nesten 100 orkideer! Heldigvis er det mindre arbeid med orkideer enn andre husplanter, ellers hadde ikkje det gått. Phalanopsis er den mest kjende orkidearten. Hybridar av denne kan du kjøpe både på matbutikkar og bensinstasjonar, det har blitt ei forbruksvare. Sjølvsagt har eg ein del Phalanopsis, men har mange andre artar som er vel så spennande. Dei blomstrar kanskje berre ein gong i året, men det er vel verd å vente på. Mange skal ha ei kviletida om vinteren med mindre vatning og kjølegare temperatur. Derfor eignar dei seg ofte ikkje så godt i ei vanleg stove. No er kviletida over, og nokre av plantene har komme med flotte blomster. Det er jo det aller kjekkaste :-)

 
Cattleya aurantiaca
Denne veks i fjella i El Salvador og Mexico. Det som er flott med denne Cattleyaen er at den ikkje treng så mykje lys. Perfekt for oss som bur i det høge nord med svake lysforhold. På grunn av den sterke fargen blir den ofte brukt når ein kryssar fram nye hybridar. Mi plante hadde 5 blomsterstenglar i år med over 20 blomster totalt, det er ny rekord.

 

Dendrobium hybrid
Eg hadde heilt gløymt at eg hadde kjøpt denne i fjor på Mester Grønn. Stor var gleda då den kom med mange knoppar nokre veker før påske. Skulle gjerne visst kva kryssing dette er, fin er den i allefall! 
 
 
 
Neofinita x Ascocenda
Og så er det denne vesle juvelen som ikkje er stort meir enn 10 cm høg, men har nokre fantastisk søte, små blomster. Dette er absolutt ein av favorittane mine :-) Neofinita er ein japansk art med stort sett kvite blomster. Eg har ein slik også, og eg kviskrar fine ord til den kvar dag og håpar det hjelper slik at den snart kjem med nydelege duftande blomster....

 

VELKOMMEN TIL MIN BLOGG!

Hei!
Dette føyer seg inn i rekka over MillaMona som gjer ting ho ikkje kan, denne gongen er det blogging. Eg syns det er veldig kjekt at du les bloggen min, sjølv om den akkurat no ser ganske kjedeleg ut. Eg skal prøve å få skikk på det etterkvart. Sidan eg er eit heilt vanleg person som ikkje har så mykje greie på data og sånn, så blir det ein del prøving og feiling. Eg kan ikkje love at det blir eit blogginnlegg kvar dag, i staden blir det to på den første dagen. Ikkje verst det :-)
Dersom du lurer på bloggnamnet mitt, så er det kjælenamnet pappaen min brukte på meg då eg var liten. Eg er skikkeleg nostalgisk, det er vel sånn ein blir når ein passerar dei 50!

Sidan det endeleg har komme regn og ikkje egnar seg så godt for fotografering utandørs, så får det bli med biletet av dagens middag, bacalao! Det er nesten det beste eg veit. God fornøyelse - med bloggen :-)