søndag 14. april 2013

VELKOMMEN TIL MIN BLOGG!

Hei!
Dette føyer seg inn i rekka over MillaMona som gjer ting ho ikkje kan, denne gongen er det blogging. Eg syns det er veldig kjekt at du les bloggen min, sjølv om den akkurat no ser ganske kjedeleg ut. Eg skal prøve å få skikk på det etterkvart. Sidan eg er eit heilt vanleg person som ikkje har så mykje greie på data og sånn, så blir det ein del prøving og feiling. Eg kan ikkje love at det blir eit blogginnlegg kvar dag, i staden blir det to på den første dagen. Ikkje verst det :-)
Dersom du lurer på bloggnamnet mitt, så er det kjælenamnet pappaen min brukte på meg då eg var liten. Eg er skikkeleg nostalgisk, det er vel sånn ein blir når ein passerar dei 50!

Sidan det endeleg har komme regn og ikkje egnar seg så godt for fotografering utandørs, så får det bli med biletet av dagens middag, bacalao! Det er nesten det beste eg veit. God fornøyelse - med bloggen :-)



4 kommentarer:

  1. Så kjekt at du har laga deg blogg. Har hatt ein hobbyblogg sjølv i nokre år!

    SvarSlett
  2. Prøver her helsing frå meg

    SvarSlett
  3. Du er tøff som startar med blogg. Det skal bli morosamt utover med blomsterplanter, foto +++

    SvarSlett
  4. Takk for helsingar, Inger og Else! Eg har alt sjekka bloggen din, Inger - skikkeleg fin. Kjem nok til å gå innom der oftare :-)
    Du får prøve deg på blogg du også, Else. Må ha nokre utfordringar :-)

    SvarSlett