tirsdag 12. januar 2016

Nytt år, nye muligheter

Ein liten gåtur i det fine vêret til yndlingsområdet mitt, sjølv om hofta ikkje er bra. Den vart vel ikkje akkurat betre etter turen heller, men ein lyt no prøve...


Blir ikkje lei av å gå mellom desse gamle husa i dette fine strilelandskapet.




Den store eika har fått litt medfart i stormen, men bonden har vore her og saga opp den store greina som hadde brotna.


Flott og majestetisk er denne eika, favoritt-treet mitt!



Gamle redskapar som er køyrt på bossdungen blir fine fotomotiv....



Minner frå ei svunnen tid. For oss - nostalgisk, for dei som budde her, hardt arbeid... 
Her er stovehuset, utedoen og jordkjelleren. Bak meg er løa som og kan skimtast på forrige bilete..




mandag 29. juni 2015

Midtsommar på Lygra

Ein tur til Lygra bør du ikkje gå glipp av. I sommarhalvåret kan du vere så heldig at du kan ta fjordabåten Oster frå Bergen. Men om du ikkje er så heldig, kan du også køyre bil heilt fram. Vegen går gjennom det flotte, bølgande kulturlandskapet i Nordhordland.
På Lygra opnar landskapet seg, og du får eit vidt utsyn mot Lurefjorden og Radøy i vest, Austrheim i nord og Lindås i aust. Her ligg Lyngheisenteret som er oppretta for å vidareføre kunnskap om korleis bøndene gjorde seg bruk av dette unike kystlandsskapet.










































tirsdag 16. september 2014

Alpeferie


Etter 100 mil bak rattet, var me framme.


Og jammen skulle me bu i Bergen!

Og der var jernbanestasjonen også.

Bergen sentrum med den obligatoriske sentrumspålen :-)

Tyrolerhusa her i Bergen og omegn er skikkeleg flotte. Alle med respekt for seg sjølv har dekorert husa med både rosemåling og pelargonium i ymse flotte fargar. Og du treng ikkje gå ut om vinteren når du skal hente ved i skykkja. Uthuset er nemleg bygd ihop med bustadhuset.


Og så er dei skikkeleg stolte av innsjøen, Chiemsee som dei kallar das Bayerische Meer...















onsdag 16. juli 2014

Ei dagsferd gjennom Østerrike på Romantische Alpenstrasse


Reiser du til Østerrike må du ta deg tid til å køyre utanfor allfarveg. Die romantische Alpenstrassen er eit godt valg.
Turen starta i Bergen i Bayern, rett før grensa til Østerrike og fortsette til Innsbruck, Arlbergpass, Flexenpass, Lech og enda i Lindau på den tyske sida av Bodensjøen. 
Dessverre hugsar eg ikkje navnet på alle stadar eg har tatt bilete av, det var mange inntrykk i løpet av ein dag. Eg kan berre anbefale å ta turen.

Frå Reit im Winkel, Tyskland.

Sentrum i Reit im Winkel.

Over grensa til Østerriket. Utsikten til desse fjella hadde me lenge.


Ikkje langt frå Innsbruck 


Ein liten landsby med fantastisk utsikt mot Wilder Kaiser 



På veg mot St Anton om Arlberg. Denne fine dalen ser du ikkje dersom du køyrer Autobahn. 

Ein bratt bakke med fleire bittesmå hus. Ved nærare studie fann eg ut at det som først såg ut som hus, var små skur for oppbevaring av staur! Eg trur staurane vart brukt til høytørking....

........slik som dette. Trur ikkje det er vanleg å tørke høy på denne måten lenger.

Utruleg mange fine små landsbygder omkransa av ville fjell. Det som undra meg, var alle utløene som stod utover denne fine, flate, store grasvollen!

Pettnau am Arlsberg, dette er like før St Anton.

På toppen av Arlbergpasset. Dei horisontale stripene nesten heilt øverst på det høgste fjellet er rassikring!! Korleis dei har fått til å bygge det er heilt utruleg. 


Kvifor eg ville me skulle stoppe her i Rauz som ligg eit like stykke frå toppen av passet, hugsar eg ikkje lenger. Men det var her eg oppdaga ei heil eng med orkideer! Og då gløymde eg tid og stad....



Klar for neste pass, Flexenpasset 1773 moh på toppen. 



Over eit nytt høgdedrag før me nådde Bodensee. Utruleg vakkert og grøderikt her, og i kveldssola vart det ekstra vakkert.






Dagen vart avslutta med eit herleg bad i Bodensee.