tirsdag 12. januar 2016

Nytt år, nye muligheter

Ein liten gåtur i det fine vêret til yndlingsområdet mitt, sjølv om hofta ikkje er bra. Den vart vel ikkje akkurat betre etter turen heller, men ein lyt no prøve...


Blir ikkje lei av å gå mellom desse gamle husa i dette fine strilelandskapet.




Den store eika har fått litt medfart i stormen, men bonden har vore her og saga opp den store greina som hadde brotna.


Flott og majestetisk er denne eika, favoritt-treet mitt!



Gamle redskapar som er køyrt på bossdungen blir fine fotomotiv....



Minner frå ei svunnen tid. For oss - nostalgisk, for dei som budde her, hardt arbeid... 
Her er stovehuset, utedoen og jordkjelleren. Bak meg er løa som og kan skimtast på forrige bilete..