mandag 29. juni 2015

Midtsommar på Lygra

Ein tur til Lygra bør du ikkje gå glipp av. I sommarhalvåret kan du vere så heldig at du kan ta fjordabåten Oster frå Bergen. Men om du ikkje er så heldig, kan du også køyre bil heilt fram. Vegen går gjennom det flotte, bølgande kulturlandskapet i Nordhordland.
På Lygra opnar landskapet seg, og du får eit vidt utsyn mot Lurefjorden og Radøy i vest, Austrheim i nord og Lindås i aust. Her ligg Lyngheisenteret som er oppretta for å vidareføre kunnskap om korleis bøndene gjorde seg bruk av dette unike kystlandsskapet.