fredag 11. oktober 2013

Gallilea

Området ved Genesaretsjøen er nydeleg, i tillegg til at temperaturen er behageleg, også i oktober. I løpet av dei dagane me var der, kom temperaturen opp rundt 30 grader. Om kvelden var det behageleg å sitte ute, trengde ikkje jakke ein gong! 
Dei dyraste hotella ligg nede ved strandpromenaden. I gamlebyen ligg det nokre billegare hotell, men dei såg veldig slitne ut. Me budde lenger oppe i lia, utsikten herfrå var flott. Hotella var rimelegare utan å vere for shabby.


Utsikt frå hotellet vårt i Tiberias.




Soloppgang over Genesaretsjøen. 




Migdal, nord for Tiberias. Her var Maria Magdalena ifrå. Dei har nettopp begynt arkeologiske utgravingar her, veldig interessant å sjå. 







Denne steinen hadde dei funne der synagoga var. Dei var heilt over seg på grunn av dekoren og symbolikken.



Ved sida av utgravingane var det bygningsarbeide, nok ei kyrkje...
For min del var det ei fin oppleving å stå nede ved strandkanten. Tenkte på at dette var den same utsikten som Jesus såg, her kan det hende han gjekk forbi, eller var det her han talte til folket frå ein båt... Kanskje fjellet rett bak meg var der han gjekk for å vere åleine og be... 




Like ved gjekk nokre esel og åt av det høge strandsivet.




Kos er godt, også for eit esel!




Nydeleg utsikt frå østsida av Genesaretsjøen.




Ikkje så langt frå Golanhøyden, ligg naturreservatet Gamla. Namnet kjem av ordet kamelpukkel på hebraisk på grunn av forma på åsen. Dette var eit nydeleg område med mange turstiar. 
Her såg eg to ørner som segla over kløfta. 




For 2000 år sidan budde det 3-4000 menneske her. Under opprøret mot romerane måtte jødane til slutt gi tapt. Seinare har det landsbyen her ikkje blitt bygd opp att. 




Dersom du køyrer bil på eigenhand i Israel, så kan det vere greit å få hjelp når du skal fylle bensin. På denne bensinstasjonen stod absolutt alt på hebraisk, ikkje heilt enkelt! Me visste heller ikkje at du må taste inn bilnummeret ditt når du skal tanke. Anar fortsatt ikkje kvifor.




På Golan er det svære jordbruksområde. Masse kyr var ute og beita, men grønt gras var iallfall ikkje på menyen!




Vil du nyte solnedgangen ved Genesaretsjøen, så bør du finne ei badestrand på østsida. Me fann ei flott strand, så og seie utan folk. Utanom oss var det kun eit par barnefamiliar. 
Vatnet i sjøen var herleg, men det var veldig ekkelt å vasse på grunn av spisse steinar.




Fugl i solnedgang...



























Dødehavet


Me var litt spente på å leige bil i Israel, og med rette. Elendig bil med dårleg motor og clutch som burde ha vore skifta. Var verkeleg glad for at me ikkje skulle køyre opp til Jerusalem med den kjerra, det hadde motoren aldri takla!
Ein annan ting som er viktig å vite, er at forsikringsselskap gjeld ikkje dersom du for eksempel køyrer inn i Jeriko. Så dermed blei det ikkje Jeriko på oss. I tillegg må du ha pass klart for grense/bompassering og vite kor du skal.

Dødehavet etter solnedgang. 



Soloppgang over fjella i Jordan.



Rimeleg fornøgd med oppdrifta :-)



Det går også an å få tak i leire som du kan smørje deg inn med, og huda blir sikkert like mjuk som på ein baby ;-)




Forsteina salt!













mandag 7. oktober 2013

Shalom frå Jerusalem - dag 4

Etter eit så hektisk program i går, fann eg ut at det var greit å ta det litt meir med ro i dag. Denne bloggskrivinga tek meir tid enn eg hadde tenkt også ;-)

Planen i dag var å gå eit stykke oppe på muren som går rundt Gamlebyen. Og så hadde eg tenkt meg opp på taket av Gravkyrkja. Der har både koptiske og etiopiske kristne sine kyrkjer. 


Citadellet, like ved Jaffaporten der eg starta turen oppå muren.




Utsikt frå muren.










Det var verkeleg flott å gå slik oppå muren. Fredeleg var det også. Då eg nærma meg Dasmaskusporten, steig det opp liflege krydderdufter frå middagsgrytene rundt omkring. 
Å dukke ned i basarane etter å ha gått oppe i brisen og det sterke sollyset er litt av ein overgang. Der nede i halvmørket sydar det av aktivitet, lukter og folk som prøver å overdøyve kvarandre med rop og høgtalarar. Her er det berre å fylgje straumen og dra inn alle inntrykka.




Sånn halvvegs oppå taket på Gravkyrkja. Her held koptarane og etioparane til.



Dei koptiske munkane var veldig imøtekommande. Dei inviterte meg på middag, men sidan dei gjorde eit såpass stort nummer av at dei måtte lage middagen sjølv i mangel på noko kone, så takka eg høfleg nei :-) Men eg takka ja då dei inviterte meg til å sjå vannsisterna deira. Det var passe sært. Eg måtte nesten krype gjennom ein gang, og der kom eg til ein hall med eit stort basseng. Og midt i bassenget låg ein gul gummibåt! Tok ei stund før eg skjønte at den vart brukt til å plukke opp pengar som gjestane kasta uti bassenget... Måtte også sjekke akustikken. Den var fabelaktig, bør prøvast! 




Denne døra høyrer til oss etioparane.



Måtte passere den etiopiske kyrkja på veg ut, trur kanskje munken hadde forventa å få litt bompengar, men eg hadde blakka meg for småpengar hos koptarane. Stod i døropningen for å ta bilete av krossa som stod oppstlilte. Meinar du ikkje munken slo meg på leggen med staven sin då eg ikkje flytta meg fort nok! Så bompengar er viktige ;-)



På veg heim...








































søndag 6. oktober 2013

Shalom frå Jerusalem - dag 3

,
Dag 3 i Jerusalem var i går, ein dag med mange inntrykk og mykje gåing. 
Dagen starta med ein guida tur ned i utgravingane ved Vestmuren. Merkeleg å gå ned gjennom århundra for til slutt hamne nede på gatenivå som var for 2000 år sidan! 
Tunnelen ved Vestmuren var veldig omstridt då den opna. Grunnen er at den går langs heile Vestmurens lengde, heilt til den endar i Øst-Jerusalem, ikkje så langt frå Løveporten. Var nok mange som frykta at israelarane skulle grave seg inn under tempelområdet. 
Guiden som var ein av entreprenørane, var veldig påpasseleg med å understreke at ingen jøde kan bevege seg inn på (eller under) tempelområdet av frykt for å trakke på staden der "Det aller helligste" i tempelet var. Men når Ariel Sharon hadde seg ein tur på tempelplassen, så kan det vel vere nokre arkeologar som ikkje heilt klarar å halde seg på matta heller... 
Uansett, dette er eit veldig sensitivt område! Entrepenøren fortalde om korleis dei stabiliserte og støtta opp dei gamle fundamenta nedanfrå, dei hadde ikkje tilgang til å gjere dette ovanfrå. Interessant sjølv for ein lærar som ikkje har noko greie på fundament, sementering og den slags.

Den guida turen fortsette gjennom Gamlebyen og Via Dolorosa fram til Gravkyrkja. Masse turistar overalt, nokre kom syngande gjennom byen berande på trekross, andre kyste steinar der Jesus etter tradisjonen skulle ha falle, eller der han vart lagt etter han vart teken ned frå krossen. For oss litt surrealistisk, men for mange er dette veldig reelt og sterkt kjenslemessig. 

Så bar det i buss til Ein Kerem, ein koseleg liten by litt utanfor Jerusalem. Etter tradisjonen vart Johannes døyparen fødd her, så det er sjølvsagt bygd mange kyrkjer der for å markere det. 


På veg inn mot Vestmuren. På tempelplassen er det to moskear, her ser ein Al Aqsa moskeen med den grå kuppelen. På nedsida mot sør er det ein arkeologisk park.




Inngangen til tunnelen og utgravingane ved Vestmuren.



Dette er eit fundament for bygd for over 1000 år sidan. Problemet er steinar som dett ut og som må setjast på plass nedanfrå.



Her er me langt nede under Jerusalem si overflate. Denne svære steinen er ein del av Vestmuren. Korleis dei har klart å flytte på ein stein som er 14 m lang, mellom 3,5 og 4,5 m høg og meir enn 500 tonn kan ein verkeleg lure på. I dette området var det fleire bønneplassar og også synagoger. Legg merke til bønnelappane...




Oppe på landjorda att, og litt ulovleg fotografering over gjerdet som skil menn og kvinner. Legg merke til den unge ortodokse guten til høgre som held på å ordne med bønnereimane på armen.




Påkledningen er ikkje akkurat "up-to-date", men mobiltelefon er greit å ha, også for ultra-ortodokse....




Ei skjønn jente i det arabiske kvarteret.







Litt problematisk å manøvrere krossen i desse trange gatene, stappfulle av folk.



Gravkyrkja



Ein Kerem



Utsikt frå ei av dei mange kyrkjene.






















lørdag 5. oktober 2013

Shalom frå Jerusalem - dag 2

I dag har me besøkt Israels museum. Det er eit svært kompleks med mellom anna eit eige bygg som fortel historia om Dødehavsrullane. Like ved er ein stor utandørsmodell av Jerusalem frå 2. tempelperiode. Akkurat no er det også ei utstilling om Herodes den store og dei svære palassa han bygde. Og så var der endå fleire historiske utstillingar og kunst i lange baner, men etter å ha sett på gamle dokument, bygningar, sarkofagar og ymse anna gammalt, orka eg ikkje å sjå ei krukke til! 
Frå museet tok me drosje til Oljeberget og gjekk nedover til Getsemane, og så opp til Løveporten før me tusla gjennom gamlebyen og heim til hotellet.

The Shrine of the Book med Jesajarullen utstilt. Bygget er inspirert av krukkene som rullane vart funne i.



Modell av Jerusalem frå 2. tempelperiode. 



Og slik trur dei tempelet såg ut på Jesu tid.



Knesset ligg like ved.



Utsikt frå Oljeberget. 






Nokre stemningsbilete til frå Oljeberget...












På veg ned mot Getsemane.




Dominus Flevet Church, eller "Tårekirken". Sjølve bygget er forma som ei tåre. Tradisjonen seier at det var her Jesus gret over Jerusalem då han såg kva som kom til å skje med byen.
Altertavla er rett og slett eit vindauga mot Gamlebyen.




Getsemanehagen med skikkeleg gamle oliventre. Om dei er 2000 år gamle er vel heller usikkert.



Mangel på butikklokale er ikkje noko hinder ;-)



Utsikt mot Oljeberget og den russiske kyrkja.



Løveporten. 



Solnedgang over det arabiske kvarteret i Gamlebyen.