fredag 4. oktober 2013

Shalom frå Jerusalem, dag 1

På ferie til Jerusalem og Israel er ikkje kvardagskost, men veldig spennande!
I Jerusalem er det mykje både å sjå og oppleve, så det er bra at me blir nokre dagar her. Seinare blir det tur til Dødehavet, og så nokre dagar i Gallilea. 

I kveld gjekk me gjennom basarane og ned til Vestmuren for å oppleve sabbatsfeiringa. Det var stor stemning med både sang og dans. 3 ungdommar syns det var moro å kjefte på meg som filma på sabbaten :-) Så derfor vart det litt færre bilete enn eg hadde tenkt ;-)

Utsikten frå hotellet, delvis mot Oljeberget.




Her er me nesten oppe ved Jaffaporten. Bymuren blir ekstra fin i skinet frå solnedgangen. 



Mange på full fart ned gjennom basarane for å komme til Muren.




Ikkje alle skal til Vestmuren. Her er det ikkje IPad som tel ;-)



Alle skundar seg, berre nokre minutt igjen før sabbaten startar. 



Nokre stemningsbilete på veg ned til Muren. Frå tempelplassen ved Klippemoskeen høyrde me bønneropa frå minareten. Folk flest er kanskje ikkje klar over kor nær innpå kvarandre Klagemuren (Vestmuren) der jødane ber og Tempelplassen der muslimane ber. Og det er på fredagen det skjer for begge religionane.










Mykje folk ved muren, god stemning med sang og dans. 




Mennene og kvinnene ber atskilt. Dette er frå kvinnesida før eg fekk kjeft for å ta bilde :-)



No er det tid for å krype til køys, å stå opp kl 3.30 er litt heftig. Prøver med litt meir oppdatering i morgonkveld.

2 kommentarer:

  1. Fantastiske bilete, Mildrid! Las ein reiseartikkel om Tel Aviv i BT i dag - like spennande å lese di reisedagbok! Kos deg vidare på ferie :)

    SvarSlett