onsdag 16. juli 2014

Ei dagsferd gjennom Østerrike på Romantische Alpenstrasse


Reiser du til Østerrike må du ta deg tid til å køyre utanfor allfarveg. Die romantische Alpenstrassen er eit godt valg.
Turen starta i Bergen i Bayern, rett før grensa til Østerrike og fortsette til Innsbruck, Arlbergpass, Flexenpass, Lech og enda i Lindau på den tyske sida av Bodensjøen. 
Dessverre hugsar eg ikkje navnet på alle stadar eg har tatt bilete av, det var mange inntrykk i løpet av ein dag. Eg kan berre anbefale å ta turen.

Frå Reit im Winkel, Tyskland.

Sentrum i Reit im Winkel.

Over grensa til Østerriket. Utsikten til desse fjella hadde me lenge.


Ikkje langt frå Innsbruck 


Ein liten landsby med fantastisk utsikt mot Wilder Kaiser 



På veg mot St Anton om Arlberg. Denne fine dalen ser du ikkje dersom du køyrer Autobahn. 

Ein bratt bakke med fleire bittesmå hus. Ved nærare studie fann eg ut at det som først såg ut som hus, var små skur for oppbevaring av staur! Eg trur staurane vart brukt til høytørking....

........slik som dette. Trur ikkje det er vanleg å tørke høy på denne måten lenger.

Utruleg mange fine små landsbygder omkransa av ville fjell. Det som undra meg, var alle utløene som stod utover denne fine, flate, store grasvollen!

Pettnau am Arlsberg, dette er like før St Anton.

På toppen av Arlbergpasset. Dei horisontale stripene nesten heilt øverst på det høgste fjellet er rassikring!! Korleis dei har fått til å bygge det er heilt utruleg. 


Kvifor eg ville me skulle stoppe her i Rauz som ligg eit like stykke frå toppen av passet, hugsar eg ikkje lenger. Men det var her eg oppdaga ei heil eng med orkideer! Og då gløymde eg tid og stad....



Klar for neste pass, Flexenpasset 1773 moh på toppen. 



Over eit nytt høgdedrag før me nådde Bodensee. Utruleg vakkert og grøderikt her, og i kveldssola vart det ekstra vakkert.






Dagen vart avslutta med eit herleg bad i Bodensee.



































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar