mandag 7. juli 2014

Tur til "Ørneredet"

For å komme til toppen av Kehlstein der Hitlers Ørnerede ligg, må ein først komme seg til Berchtesgaden, ein liten by heilt sør i Bayern. Eigaren av hotellet der me budde lo då eg spurde om det gjekk an å gå opp dit. Det er nemleg to måtar å komme til toppen, du kan gå (4 timar oppover :-) eller du kan ta buss som køyrer på ein smal veg bygd av krigsfangar frå 2. verdenskrig. Siste stykket må ein gå til fots eller ta heisen som går inne i fjellet. 

Utsikt frå bussen. Her var det berre einvegskøyring!


Oppe på fjelltoppen er det eit steinhus, Kahlsteinhaus eller "tehuset" som det også blei kalla og som Hitler fekk i gåve på 50 års dagen. Hitler hadde høgdeskrekk og likte seg ikkje særleg godt her oppe. På slutten av krigen vart det meste som var bygd oppå fjelltoppen bomba, men "tehuset" vart spart.


Kehlsteinhaus


Fabelaktig utsikt, her mot Königsee.



Minnesmerke over krigsfangane som bygde vegen opp her.


Mektige fjell 



Rik blomsterflora høgt til fjells 




Ein som levde godt på smuler frå de rikes bord....

Istaden for å ta bussen, så gjekk me ned igjen. Flott tur i eit blomsterrikt landskap og utan mange turistar, men det kjendest dagen derpå....
































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar