fredag 19. april 2013

Nærkontakt

I dag ser eg litt utanfor orkiderommet mitt, og det er ikkje så mykje som eg er meir oppteken av av i kvardagen enn jobben min. Arbeidet i skulen kan vere slitsomt til tider, men gjev også mange gode stunder og opplevingar. Nærkontakt mellom dyr og ungar er alltid spennande, særleg når ungane til vanleg har nærkontakt med fortau, bilar, eksos og bylarm. Då er det utruleg fascinerande å kunne ta ein kort køyretur med bussen og så vere "på landet" mellom kyr, sauer, kaniner og høner.
Denne veka har eg hatt privilegiet av å få dele slike verdifulle situasjonar med ungar frå tjukkaste by'n. Ikkje alle hadde erfaring med husdyr frå før, og lukta i fjøset var det første hinderet som måtte overvinnast. Men plutseleg var lukta gløymt, for borti bingen hoppa og dansa det nokre søte, små lam. Ein augneblink var eg litt i tvil om kven som hoppa og spratt mest, lamma eller ungane.
Tenk å få lov til å mate dyra! Ekstra stas var det å få gi mjølk til kopplamma som var så utruleg søte. Men det var fleire dyr å sjå på og kose med! Marsvin, hamster og små søte kaniner. Gleda over å få halde desse små søte skapningane var stor, kjenne den mjuke pelsen mot kinnet, stryke den forsiktig over ryggen. "Han driter på meg", var det ein som sa. "Og denne pisser", lo naboen. Jammen var det bra å ha regnbukse på! Ein annan av elevane skulle fortelje om dagens opplevingar: "Vi fikk til og med se en sau som ble barbert!" Og då me vel var komne attende til skulen, full av fjøslukt, kom ein av gutane i full fart viftande med ein ulldott i handa. "Se ka eg har, kjenn på den"! Det er vel dette ein kallar "Learning by doing".
Eg er ikkje i tvil om at nettopp slike opplevingar er kanskje noko med det mest verdifulle me kan gi elevane, og heilt sikkert det dei vil hugse best frå tida i skulen.


Hønsene var ikkje like begeistra for å bli forstyrra midt i egglegginga.


Den mest populære reirplassen var i glaskarmen. Det gjeld å fylgje med om det skulle komme ein ny hane til gards.




 Litt uventa med struts som husdyr i Bergen. Elevane var litt nervøse for å mate desse svære fuglane. Strutseegga var svære. Dei må ligge 42 dagar i rugemaskina før dei klekker.


Framleis for kaldt å vere ute for kosegrisane Erna og Kurt.


Nusselege små lam som tek seg ein liten pause. 











5 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Så godt du skriver. Hyggelig å lese bloggen din. Hilsen Gro

    SvarSlett
  3. Tusen takk, Gro! Hyggelig at du syns det :-)

    SvarSlett
  4. Så fine bilete! Og interessant lesnad om orkideane. Eg har jo eit ambivalent forhold til dei... :) Men reknar med det kjem nokre gode råd her inne, så eg får berre følge med!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du kikkar innom Billa Blå. Blir snart meir orkidestoff her inne. Du kjem snart til å få eit perfekt forhold til orkideer :-)

      Slett