mandag 20. mai 2013

Nasjonalromantisk!

Tenkjer på kor fantastisk det er at nasjonaldagen vår er i mai, akkurat når våren er på sitt vakraste. Hadde ikkje vore det same med nasjonaldag i november!

Og så flagget då! Jammen flaks at ikkje danskane og svenskane fann ut at dei kunne ha tre fargar i flagget, og like godt snappa det flotte raude, kvite og blå flagget rett framfor nasa på oss. Dei kan no berre ha Danebrog og Tre kronor så mykje dei vil for meg, så lenge me får ha det flotte flagget vårt.
Det er igrunn ganske interessant at flagget som til slutt vart godkjent av Odelstinget var foreslått bergensaren Fredrik Meltzer. Nokre meinar til og med at det var sonen hans som farga ein blå kross i Danebrog. Uansett, eg er sikker på at han såg det for seg kor fint flagget ville bli mot fjorden, himmelen, dei snøkledde fjella og den nyutsprungne bjørka!
Ja, det er nok ingen tvil, eg er skikkeleg nasjonalromantisk!



Vakre Sogn! Berre flagget som manglar. 

Nyutsprotten bjørk og fossebrus! 

Nyt våren og resten av mai, folkens!

2 kommentarer:

  1. Hei Mildrid! Så fine bilete. Du kan jo redigere inn eit norsk flagg i Sognefjorden! Utfordring :) :) Ha ei fin helg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Treng litt meir trening på redigering ;-) Held på å bli sprø av alle dei ulike redigeringsprogramma! Instagram er no greit, men tek seg ikkje så godt ut i større format, ser eg. Ellers kan eg litt Photoshop, og no held eg på å lære meg Picasa. Den skulle vere superenkel, men eg held på å klikke når eg brukar den!

      Slett